Kunngjeringar og høyringar

Vil du vere med og seie di meining om korleis kommunen skal utviklast? Planar som er på høyring, blir lagde ut på denne sida fram til høyringsfristen går ut.

Høyringar og offentleg ettersyn

Det er eit grunnleggande demokratisk prinsipp at den som blir ramma av eit offentleg vedtak, skal ha høve til å uttale seg før det blir gjort eit vedtak.  Ei høyring er ein prosess der kommunen, eller ein annan offentleg instans, ber om skriftlege innspel til ei sak eller ein plan før det blir fatta vedtak.

Kven kan delta?

Nokre høyringar er lovpålagde. Då går det fram kven som er formelle høyringsinstansar eller partar. Dersom høyringa ikkje er lovpålagd, er ho i utgangspunktet open for alle. Kommunen kan likevel be særleg berørte partar om å gi innspel.

Kva skjer vidare? 

Du får ikkje direkte svar på innspelet ditt. Alle innspel blir lese og vurderte av dei som arbeider med saka.

Innspela blir lagde ved som eige vedlegg når saka blir sendt til politisk behandling. Dei blir også kort refererte i saksframlegget, med ein kommentar frå administrasjonen om korleis innspela kan handterast.

Det kan gå fleire veker eller månader frå innspel blir sendt inn til saka blir behandla politisk.

Etter høyringsrunden kan planen bli endra på bakgrunn av innspela. Dersom det blir gjort større endringar, må planen leggjast ut på ny høyring.

Slik sender du inn innspel

Send helst spørsmål, innspel og merknader til ei sak digitalt. 

Send høyring digitalt

Det er også mogeleg å sende e-post til: post@skjaak.kommune.no eller brevpost til Skjåk kommune.

  • Postadresse: Moavegen 30, 2690 Skjåk. 
  • Merk e-posten eller brevet med tittelen på høyringa. 

Vær obs på at innspelet ditt blir offentleg tilgjengeleg, så ikkje send sensitive opplysningar.

Nokre tips til innspel

  • Skriv kort.
  • Ha gjerne med eit konkret forslag til endring eller formulering som kan takast inn i planforslaget.
  • Ha med ei overbevisande grunngiving for kvifor det er viktig. 

Artikkelliste