Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid for Holemork gnr./bnr. 35/8. 36/13 og 36/1/14 mfl.
Skjåk kommune varslar med dette oppstart av regulering for Holemork gnr./bnr. 35/8. 36/13 og 36/1/14 mfl., jamfør plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8.
Føremålet med planen er å regulere arealet til bustadformål eller kombinerte formål bustad/næring, då den kommunale bygningsmassen som i dag husar Holemork barnehage går ut av bruk hausten 2026.
Planområdet si avgrensing samt kva eigedomar som er omfatta av planområdet, finn ein i vedlagde kopi av utsendt oppstartvarsel med tilhøyrande vedlegg. Oppstartvarsel med vedlegg finn ein også på servicetorget og på biblioteket.
Planen vert utarbeidd av Felleskontoret for plan, miljø og byggesak for Lom og Skjåk.
Spørsmål om reguleringsplanarbeidet kan rettast til:
Sander Sælthun, tlf. 47 46 32 18, e-post: sander.saelthun@lom.kommune.no eller
Therese Moe Øye, tlf. 94 49 87 88, e-post: therese.moe.oye@lom.kommune.no
Vedlegg: