Etiske retningsliner for Skjåk kommune skal bidra til bevisstgjering av medarbeidarar og politikarar som utfører arbeid eller oppdrag for kommunen.
Våre holdningar og handlingar påverkar den tilliten som innbyggarane skal ha til kommunen, og vi har alle eit personleg ansvar for korleis vi oppfører oss.
Ein open kultur for å samtale om etiske spørsmål og dilemma er nødvendig for å utvikle eit godt etisk og fagleg skjønn.