Arbeidet med ny samfunnsplan er godt i gang. Nå går vi i gang med grendemøte.

Skjåk kommune er godt i gang med samskapinga av ny samfunnsplan, og engasjementet så langt har vore svært positivt. Målet er å lage ein plan som peikar ut retninga for utviklinga av Skjåk i åra framover, og som tek vare på det som er viktig både for dagens innbyggjarar og for framtidige generasjonar. 

Les meir om Ny samfunnsplan

Medverkinga til planen starta med dei unge på Skjåk barne- og ungdomsskule. Elevane frå 6. til 10. klasse fekk vere med og dele tankar og meiningar om korleis dei ønskjer at Skjåk skal vere i framtida. Nettopp desse elevane er blant dei viktigaste stemmene i planarbeidet. Dei er framtida vår, og skal ein dag ta over ansvaret for lokalsamfunnet. Deira synspunkt er derfor avgjerande når vi skal forme morgondagens Skjåk. 

I tillegg har kommunen gjennomført møte med ei rekkje engasjerte skjåkverar. Mellom anna har vi hatt gode samtalar med Brukarrådet, Eldrerådet og Pensjonistforbundet Skjåk. Her har det kome fram mange verdifulle innspel om kva som fungerer godt i dag, og kva som bør utviklast vidare. 

No held arbeidet fram rundt om i bygda. Dei komande vekene inviterer vi til grendemøte fleire stader i kommunen. Målet er å få fram stemmene frå heile Skjåk, slik at alle får moglegheit til å seie sitt om kva som er viktig for seg sjølve, for grenda si og for dei som kjem etter oss. 

Vi ønskjer å høyre frå så mange som mogleg

  • Kva er det som gjer Skjåk til ein god stad å bu? 
  • Kva utfordringar står vi overfor? 
  • Kva skal vi satse på i framtida?

Ingen kjenner bygda betre enn dei som bur her. Vi håpar derfor at du har moglegheit til å stille på eit av møta. Du vel sjølv kva for møte som passar deg best. Saman kan vi forme framtidas Skjåk. 

Grendemøte hausten 2026:

  • 22.september: Bjørkås i Bråtå  
  • 23.september: Dønfoss grendehus  
  • 28.september: Gjeilo skule  
  • 30.september: Marlo grendehus  
  • 12.oktober: Moar grendehus  
  • 14.oktober: Øygard skule  

Tidspunkt for møta er 19.00-20.30 

Spørjeundersøking

Dersom det blir vanskeleg å stille på nokon av møta kan du svare på spørjeundersøkinga. Du kan velje om du vil vere anonym eller ikkje.

Bli med på spørjeundersøkinga her

Alle er velkomne. Saman formar vi framtida i Skjåk.