Positivt tiltak i Grotli Skiheisar

Det nærmar seg vinterferie og Grotli Skiheiser legg opp til eit fint opplegg for den som ynskjer å bruke skibakken i ferien. 

Positivt tiltak i Grotli Skiheisar

Sparebank 1 Lom og Skjåk spanderer gratis årskort til alle tredje klassingar i Skjåk for 2024! Det er også mogleg å leige skiutstyr på Grotli.

Friskus i Skjåk ordninga går ut på at familiar med ungar mellom 6 og 18 år får kr 1700,- pr unge som skal gå til fridtidsaktivitetar. Det er opp til kvar enkelt kva desse pengane skal brukast til, og bidrag til eit årskort på Grotli kan kome inn under denne ordninga. Kommunen oppmodar familiar som ikkje har søkt på ordninga enda, om å gjere det.

HOOK-utvalet vedtok den 20.2. å løyve støtte til buss som skal frakte ungar til og frå Grotli i vinterferien.  Dette gjer det lettare for ungane å vere aktive i vinterferien, da mange foreldre ikkje har fri til å køyre dei.

Bussen går frå YX Skjåk klokka 10.00 og heim att frå Grotli klokka 16.00 frå måndag 26. februar til fredag 1.mars.

GOD og AKTIV ferie!! 

Bilde av plakat for vinterferietilbud om gratis buss til Grotli skisenter - Klikk for stort bilde Skjåk kommune