For å kunne forvalte naturen på ein bra måte er ein avhengig av god oversikt over naturtyper, artar og samspelet mellom desse. I Skjåk har vi samla inn mykje kunnskap om naturen gjennom kartlegging. Mange av desse opplysningane er samla på kart. Desse kan ein sjå i mellom anna naturbasa og artskart. (evt linkar her)
Vi har to store verneområde i Skjåk, Reinheimen nasjonalpark i nord og Breheimen nasjonalpark i sør. Desse blir forvalta av kvart sitt nasjonalparkstyre. Statens naturoppsyn (SNO) har ansvar for skjøtsel og oppsyn i nasjonalparkane. SNO-Skjåk er lokalisert hos Skjåk Utmarkssenter v/ Skjåk Almenning.
Skjåk Almenning dekkjer eit landareal på i alt ca. 2 millionar dekar, og eigedomen utgjer 95% av arealet i Skjåk kommune.