Send brev og dokument til oss med eDialog
Epost er ikkje ein sikker kanal for å sende frå seg informasjon. Uvedkomande kan få tilgang, epost kan bli stoppa i søppelfilter og saksbehandlaren du ønskjer å nå fram til kan vere borte over tid. Vi vil difor oppmode alle om å bruke eDialog når dei skal sende noko til Skjåk kommune, også når det ikkje er unnateke offentlegheit.
eDialog sender informasjonen kryptert og er såleis langt sikrare enn vanleg e-post.
Framgangsmåte
Klikk her for å sende oss noko via eDialog.
Deretter må du autentisere deg sjølv, anten med ID-porten, bankID, bankID på mobil, minID, Buypass ID eller Commfides. Når du er logga på, fyller du ut skjemaet og legg ved evtentuelle vedlegg som pdf-filer.
Utfylling av skjema
- Kryss fyrst av om du er privatperson eller sender som firma
- Alle obligatoriske felt er merka med *
- I tittelfeltet er det til hjelp om du sett på saksnummer, om du sender inn noko i samband med ei pågåande sak - eksempelvis 90/17.
- Skriv utfyllande kommentar knytt til sendinga. Om du sender med vedlegg, vil det du skriv i kommentarfeltet bli lagt inn som vedlegg i sak- og arkivsystemet vårt.
- Når du klikkar på 'Send forsendelse' blir brevet ditt kryptert og sendt direkte inn i sak- og arkivsystemet vårt
- Du får ei kvittering med referansenummer på epost
NB!
Du skal ikkje bruke eDialog om vi har elektroniske skjema til føremålet, t.d. søknad om plass i barnehage, SFO, søknad på stilling m.m. Sjå oversikt over alle våre elektroniske skjema.