KommunestyretHer er kommunestyret i Skjåk:Formannskapet sit fremst. Frå venstre: Stig Erlend Banken (Ap), Kristen Haugen Dagsgard (Sp), Edel Kveen (Sp), Rannveig Brennhaug (Sp) og Odd Joar Ramstad (Bygdalista). Bak frå venstre: Laurits Ørjasæter (Sp), Mogunn Synstnes (Sp), Ingulf Brandsarbakken (Sp), Håvard Krogstad(Sp), Morten Kielland (Bygdalista), Elias Sperstad (Sp), Rolv Kristen Øygard (Sp), Kjell Egil Ramstad (Sp), Odd Ragnar Solheim (Ap), Eva Therese Hyrve Bosmen (Ap), Nils Henry Fosstuen (Ap) og Elin Skjåk Haugen (Sp) Tom Erik Solstad, Fjuken Kommunestyre Eit kommunestyre er den folkevalde leiinga i ein kommune. Kommunestyret si rolle blir i Noreg definert av kommuneloven. Det er kommunestyret som fattar vedtak for kommunen, med mindre dette er delegert til andre. Andre kan vere ulike råd og utval eller kommunedirektøren. I Noreg er kommunestyret det øvste politiske organet i kommunen, og det blir vald ved kommune- og fylkestingvalet kvart fjerde år. Då vel lokalbefolkinga, det vil seie kommunen sine innbyggarar, representantar til kommunestyret. Deretter vel kommunestyret ordførar, og han eller ho kjem som oftast frå det største partiet og har fleirtalet i kommunestyret bak seg. Kommunane har òg ein administrasjon med fast tilsette. Den administrative sjefen i Skjåk blir kalla kommunedirektør. Publisert 21.03.2017 14.41 Sist endret 26.01.2023 10.04