Lærlingar med nye fagbrev i Skjåk kommune

Lærling i Skjåk kommune, Jørn Torstein Bosmen,IKT-servicefag  

Sivert Banken Fallingen, Institusjonskokk på Skjåkheimen og Jørn Torstein Bosmen som har vore på IT-avdelinga i Skjåk kommune frå hausten 2018, båe to er nå ferdig og bestått fagprøve. Skjåk kommune gratulerer og ynskjer dem lykke til vidare med skule og høgare utdanning i tida som kjem.

Sivert Banken Fallingen. Institusjonskokk Skjåkheimen Kvart år og kvar haust tar Skjåk kommune inn nye lærlingar, og det er fleire fag som er aktuelle. Dette kan være helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, kontor- og administrasjonsfag, ikt-servicefag og institusjonskokk. Lærlingane er ein veldig viktig ressurs for Skjåk kommune. Dei bidreg med fagkompetanse og dei er verdifulle i arbeidsmiljøet. Lærlingane er produktive medarbeidarar, og mange av dei tilsette i kommunen har i dag har vore lærlingar i Skjåk før dei fekk fast jobb.