Eilev og Ola stakk innom biblioteket her om dagen. Dei likte godt dei nye barnebøkene og dei likte godt å sitje i sofaen i barneavdelinga.
Runa Aurmo hadde songstund i lag med 2-åringane (...og dei vaksne). Runa er "parlaus" når det gjeld song, musikk og kunst i lag med barn (...og vaksne)
2-åringane fekk invitasjon i posten: Både 2-åringane og dei vaksne kosa seg med songstund, frukt og bøker
Samarbeid med Helsestasjonen og barnehagane
Eit av tiltaka er eit samarbeid med Helsestasjonen. På 8-månadskontrollen får ungane ei bok som kan inspirere til lesestund i lag med ein vaksen. Vi har òg invitert alle 2-åringane i kommunen til biblioteket. Det vart det ei triveleg stund med song og moro i lag med Runa Aurmo - ei særs dyktig dame som tidlegare har jobba fleire år med musikk og kunst ved kulturskulen. 2-åringane storkosa seg og fekk kvar si bokgåve med heim.
Eit anna spennande tiltak er samarbeidet med barnehagane: «Tøyveskebiblioteket», som er tøyvesker fulle av bøker som heng i garderobane, slik at foreldre enkelt kan låne med seg bøker heim.
For å møte den store interessa har vi kjøpt inn fleire nye barnebøker – spesielt retta mot dei aller minste.
Gjennom desse tiltaka håpar vi å bidra til at leseglede og forteljarlyst får vekse heilt frå starten av livet.
Etter songstunda med Runa, var det tid for å for å kose seg med bøker og litt frukt
Barnehageungar på besøk: På biblioteket kan du kose deg med bøker eller du kan kose deg med eit puslespel
Her hadde vi besøk av barnehageungar som kosa seg med dei nye bøkene. Etterpå gjekk dei i kantina på kommunehuset og åt nista si
Lene Thoresen frå Bismo barnehage har henta ny forsyning til "Tøyveskebiblioteket"