Ros frå arbeids- og integreringsministeren
Under ei større fagsamling på Lillehammer torsdag fekk arbeidet i Lom og Skjåk ros frå arbeids- og integreringsminister Kjersti Stenseng.
Merete K. Dagsgard i Skjåk og Anne Marte Nordlie Myren i Lom med Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng
Gudbrandsdølen Dagningen v/Halvor Torgersrud
Ferske tal viser at berre 42,2 prosent av ukrainske flyktningar i landet totalt er i arbeid. I Lom og Skjåk er situasjonen langt betre, med høvesvis 71 og 75 prosent i jobb. Dette er markant høgare enn landssnittet og også betre enn dei fleste andre kommunar.
Stenseng løfta fram Lom og Skjåk som døme på kommunar som lukkast, og peikte på kor viktig det er at flyktningar raskt får fotfeste i arbeidslivet. Ho presenterte samtidig ei tiltakspakke som skal styrkje arbeids- og opplæringsløpet for alle flyktningar, og varsla strengare krav og tydelegare forventningar i introduksjonsprogrammet.
I både Lom og Skjåk peikar ein på gode samarbeid i Ottadalen som ein nøkkelfaktor. Næringsliv, Nav og kommunane jobbar tett saman, både gjennom formelle og uformelle nettverk.
Dette er svært gledeleg! Dette er takka vera godt og tett samarbeid mellom Skjåk kommune ( Flyktningteneste og vaksenopplæring), Lom kommune, mange ulike arbeidsgjevarar og NAV lokalt, seier tenesteleiar for integrering i Skjåk Merete K. Dagsgard.
Kommunen ynskjer å rette ein stor tak til alle som bidreg!
Les artikkel i GD: Merete og Anne Marte fekk ros av sjefen:«Kva gjer de for å lykkast så godt?»