Filmoteket - strøm film gratis med bibliotekkortet ditt

Lån film frå biblioteket - heilt enkelt!

Lån film gratis frå biblioteket med strømmetenesta "Filmoteket". Det einaste du treng er bibliotekkort og PIN-kode.

Filmoteket - Klikk for stort bilde

Her kan du velje blant norske og internasjonale titlar for barn, ungdom og vaksne. Du finn både eldre og nyare filmar her.

  • Du kan låne 4 filmar kvar månad.
  • Du kan sjå dei lånte filmane i 48 timar, på alle plattformar, i alle dei kjente nettlesarane. Du kan også overføre filmane til større skjerm via AirPlay og Chromecast.
  • Du må registrere deg hjå Filmoteket for å bruke tenesta.
  • Du må ha nasjonalt lånekort.
     

Slik får du tilgang:

  • Gå til www.filmoteket.no
  • Vel "Logg inn" i menylina
  • Klikk på "Registrer ny brukar"
  • Tast inn lånekortnummer og passord. Her brukar du same passord som du brukar til å logge inn på "Meg&mitt"
  • Fyll inn e-postadresse og vel eit passord. Dette passordet brukar du når du skal logge inn på Filmoteket
  • Du får tilsendt ein e-post som stadfestar innmeldinga. Sjekk e-posten din, og stadfest denne
  • Snurr film!
     

Filmoteket har ei veldig oversiktleg og fin nettside. Her finn du mykje inspirasjon og 1800 filmar.

Har du spørsmål? Ta kontakt med oss på biblioteket!