Skjåk kommune ønskjer at tilfløttarkontoret på næringsavdelinga skal vera ei dør inn for alle som flytter til Skjåk.
Ynskjer du å flytte til Skjåk eller har du spørsmål om kva Skjåk kan tilby deg? Skjåk kommune sitt tilflyttarkontor er ei satsing i “Sats på Skjåk” og har som mål å hjelpe tilflyttarar til rette på sin nye heimplass og svare på ulike spørsmål du har. Det kan vere å bli kjent med offentlege kontor, fritids- og handelstilbod, informasjon om næringsliv og anna du har behov for. Ingen spørsmål er for store eller små – vi ser fram til å høyre frå deg og ynskjer deg velkommen.
Ved tilflyttarkontoret kan du bli knytt opp mot kontaktar i næringslivet og få betre oversikt over kva kompetansar offentlege og private bedrifter er på utkikk etter. Du vil bli godt mottatt i Skjåk, og vi kan vera til nytte når det gjeld å kome i kontakt med ulike organisasjonar og å skape sosiale nettverk på fritida.
Sist endret 29.04.2025 12.55