100% stilling som barnehagelærar - Skjåk kommune

100 % stilling som barnehagelærar

Det er ledig 100 % stilling som barnehagelærar, for tida i Bismo barnehage. Stillinga er ledig frå 15. september 2025. Stillinga kan bli tillagt ansvar som pedagogisk leiar.

Barnehagelærar i Skjåk 

Som barnehagelærar i Skjåk vil du vere med på å forme ein nyskapande og spennande framtidig barnehage i Skjåk.

Det er spennande tider i barnehagane i Skjåk. Bygginga av ny barnehage i Bismo startar hausten 2025, og midlertidig barnehage skal driftast på Skjåkheimen i byggeperioden. Hausten 2026 er målet at barnehageavdelingane Holemork  og Bismo saman skal flytte inn i nye lokale med fem avdelingar. Barnehageåret 2025/2026 vil det bli jobba mykje med kva som skal kjenneteikne pedagogikken og drifta i den nye barnehagen.

 Arbeidsområdet vil omfatte

  • Rettleie og støtte det øvrige personalet i det pedagogiske/metodiske arbeidet
  • Arbeid med spesialpedagogiske oppgåver
  • Delegere arbeidsoppgåver til personalet og sikre at barnehagen sine mål blir nådd
  • Utarbeide og gjennomføre årsplan i samarbeid med tilsette og styrar
  • Legge til rette for godt samarbeid med føresette
  • Dele kunnskap om barn si læring og utvikling, og bidra til kompetanseheving i barnehagen
  • Halde seg fagleg oppdatert

 Kvalifikasjonar

  • Det er ynskjeleg med spesialpedagogisk kompetanse og erfaring
  • Godkjent barnehagelærarutdanning
  • Godkjent politiattest 

Vi ynskjer at du

  • Har gode samhandlingsevner
  • Er raus og tydeleg og deltek aktivt i barnehagen sin kvardag
  • Er fleksibel i høve til omstillingar
  • Er ein person med evne til å arbeide målretta både sjølvstendig og i team
  • Er ein person med interesse for fag og fagutvikling
  • Har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
  • Har grunnleggjande kjennskap til bruk av IKT 

Skjåk kommune ynskjer eit mangfald i personalgruppa, og oppmodar særleg menn til å søkje. 

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP 

Spørsmål om stillinga kan rettast til styrar Heidi Jevnheim, telefon 901 93 957

 Søknadsfrist 11. august 2025

Kommunedirektøren

Kontakt

Heidi Jevnheim
Konstituert styrar, Bismo og Dønfoss barnehagar
Telefon 61 21 48 32
Mobil 901 93 957