Open svømmehall i sommar - nye billettypar og oppdaterte prisarSvømmehallen i Skjåk held ope med ordinære opningstider heile sommaren. Samtidig innfører vi nye billettypar og justerte prisar frå 1. juli 2025.Nye billettypar og oppdaterte prisarFrå og med 1. juli 2025 innfører vi nye billettypar og oppdaterte prisar for besøk i svømmehallen. Endringane skal gjere det enklare å finne den billetten som passar best for deg og ditt bruk.Prisar og billettypar som gjeld frå 1. juli 2025:Enkeltbillett vaksne: kr 60,-Enkeltbillett inntil 20 år: kr 50,-Klippekort vaksne (10 klipp): kr 500,-Klippekort barn (10 klipp): kr 390,- (kr 350,- frå 1. juli 2025)Halvårskort vaksne: kr 1300,- (gjeld frå 1. juli 2025)Halvårskort barn: kr 900,- (gjeld frå 1. juli 2025)Ordinære årskort frå 1. januar 2026: Vaksne: kr 2200,- / Barn: kr 1500,-Familiekort: kr 4300,- (frå 1. juli og ut 2025, til halv pris) Les meir om billettypane Svømmehallen er open i sommarVi gler oss også over å kunne tilby utvida opningstid i svømmehallen i sommar. Dette betyr at det blir ordinær opningstid gjennom heile juli og august. Tilbodet kjem som eit resultat av auka etterspurnad og eit ønske om å gi både fastbuande og tilreisande eit godt aktivitetstilbod gjennom sommaren.Måndag kl. 17.00 - 21.00Tysdag kl. 17.00 - 21.00Fredag kl. 17.00 - 21.00Laurdag kl. 10.00 - 14.00 Les om svømmehallen Velkomen til svømmehallen i Skjåk!Varmtvassbassenget i den nye svømmehallen i Skjåk. Skjåk kommune Hovudbassenget Skjåk kommune Sist endret 27.06.2025 12.30
Innspel – Forprosjekt Nord-Gudbrandsdal Friluftsråd (NGF) Ei arbeidsgruppe beståande av representantar frå alle seks kommunane i Nord-Gudbrandsdalen saman med Regionrådet, har fått i mandat å lage ein rapport ... Publisert 21.05.2019 kl. 11.29
Nye bustadtomter i Bismo I samband med utbygging av byggetrinn 3 i Skei bustadområde, ber Skjåk kommune inn til konkurranse for bygging av ny veg, VA – anlegg og rasvoll. Plan... Publisert 21.05.2019 kl. 09.03
Skjåk Fysioterapi - ei oppdatering om bemanninga Skjåk Fysioterapi har ei periode hatt redusert bemanning. Dette påverkar ventetid og kapasitet til tenesta. Publisert 09.05.2019 kl. 14.36
No skal alle små vassforsyningssystem registrerast Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem vere registrerte hjå Mattilsynet. Dette gjeld også dei som er små, for eksempel ein brønn som forsyn... Publisert 26.04.2019 kl. 14.53
LHL med turgruppe - bli med du også LHL sin turkomité ynskjer alle som er glade i å trimme til å bli med på turar i skog og fjell no kvar onsdag fram til 26. juni. Publisert 25.04.2019 kl. 08.56
Nordberg skule er selt til Aaboen AS Nordberg skule er selt til entreprenørverksemda Aaboen AS. Publisert 12.04.2019 kl. 15.01