Open svømmehall i sommar - nye billettypar og oppdaterte prisarSvømmehallen i Skjåk held ope med ordinære opningstider heile sommaren. Samtidig innfører vi nye billettypar og justerte prisar frå 1. juli 2025.Nye billettypar og oppdaterte prisarFrå og med 1. juli 2025 innfører vi nye billettypar og oppdaterte prisar for besøk i svømmehallen. Endringane skal gjere det enklare å finne den billetten som passar best for deg og ditt bruk.Prisar og billettypar som gjeld frå 1. juli 2025:Enkeltbillett vaksne: kr 60,-Enkeltbillett inntil 20 år: kr 50,-Klippekort vaksne (10 klipp): kr 500,-Klippekort barn (10 klipp): kr 390,- (kr 350,- frå 1. juli 2025)Halvårskort vaksne: kr 1300,- (gjeld frå 1. juli 2025)Halvårskort barn: kr 900,- (gjeld frå 1. juli 2025)Ordinære årskort frå 1. januar 2026: Vaksne: kr 2200,- / Barn: kr 1500,-Familiekort: kr 4300,- (frå 1. juli og ut 2025, til halv pris) Les meir om billettypane Svømmehallen er open i sommarVi gler oss også over å kunne tilby utvida opningstid i svømmehallen i sommar. Dette betyr at det blir ordinær opningstid gjennom heile juli og august. Tilbodet kjem som eit resultat av auka etterspurnad og eit ønske om å gi både fastbuande og tilreisande eit godt aktivitetstilbod gjennom sommaren.Måndag kl. 17.00 - 21.00Tysdag kl. 17.00 - 21.00Fredag kl. 17.00 - 21.00Laurdag kl. 10.00 - 14.00 Les om svømmehallen Velkomen til svømmehallen i Skjåk!Varmtvassbassenget i den nye svømmehallen i Skjåk. Skjåk kommune Hovudbassenget Skjåk kommune Sist endret 27.06.2025 12.30
Borgarleg vigsel i Skjåk kommune Frå 1. januar 2018 overtok kommunen ansvaret for gjennomføring av borgarleg vigsel. Dette betyr at tingretten eller byfogden ikkje lenger har denne op... Publisert 16.10.2017 kl. 10.30
Varmtvannsbading med Fysioterapitenesta i Lom og Skjåk Treninga er retta mot dei som har ledd- og muskelplagar. Publisert 14.09.2017 kl. 10.54
Skjåk kommune har ny heimeside Velkommen inn på den nye heimesida til Skjåk kommune, som vart lansert 31. mai, samstundes med Dovre, Lesja og Vågå sine nye sider. Publisert 31.05.2017 kl. 21.31