Anleggsperiode - bygging av nye Bismo barnehage - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Anleggsperiode - bygging av nye Bismo barnehage

Anleggsperiode – bygging av ny barnehage 

Frå hausten 2025 vil vi ha ein anleggsperiode når kommunen skal bygge nye Bismo barnehage. I denne anleggsperioden vil barnehagen få tilhold i alternative lokal barnehageåret 25/26. Det vert jobba med å finne ei god løysing for barnehagen i byggeperioden som ivaretek barna våre, føresette og dei som jobbar i barnehagen. 

Kommunen er i dialog med private tilbydere som Marlo og Nordberg. Samtidig blir det også vurdert om kommunen har eigna lokaler som er aktuelle. Eitt alternativ kommunen vurderer er å nytte ledig areale på Skjåkheimen.  

 Å knytte barnehagen mot ledige lokal på Skjåkheimen kan ha fleire positive fordelar, både for borna og dei eldre.