Skjåk folkebibliotek
Jørn Lier Horst har lang erfaring som etterforskingsleiar i politiet. I dag er han mest kjend som ein av Nordens mest suksessrike og prisbelønte krimforfattarar.
Kunnskapen og erfaringane hans gjev eit detaljert og realistisk innblikk i korleis alvorlege kriminalsaker blir etterforska.
Han er også ekspertkommentator i VG og kjend frå Åsted Norge.
I tillegg til krimbøkene om William Wisting skriv Horst også spenningsbøker for barn og unge, og står mellom anna bak den populære serien om Detektivbyrå nr. 2.
Horst har fått fleire prisar for bøkene sine, m.a. Bokhandlerprisen, Rivertonprisen og den høgthengande Glassnøkkelen for beste nordiske kriminalroman. Han har gjeve ut over 70 bøker.