Dagsturhytta i Bismo

Dagsturhytta i Bismo vart opna onsdag 2. oktober 2024. Sjå bilder frå hytta sist i artikkel.

Om Dagsturhytta Innlandet

I februar 2020 vedtok fylkesutvalet i Innlandet at alle kommunane i fylket skulle få tilbod om ein dagsturhytte etter en idé frå tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

Ny møteplass

Dagsturhytta er eit prosjekt som svarar opp Innlandet fylkeskommune sine satsingsområde;

  • innbyggjarar
  • inkludering
  • innovasjon
  • infrastruktur

Gjennom prosjektet ønskjer fylkeskommunen å fremmje nærfriluftslivet og folkehelse ved å skape nye møteplassar i lokalmiljøet. Det er eit mål at dagsturhyttene skal skape engasjement lokalt, treffe nye brukarar og få fleire ut på tur.

Dagsturhytta Innlandet er et samarbeid mellom Innlandet fylkeskommune, Sparebankstiftelsen Hedmark og Sparebankstiftelsen DNB, kommunar og frivillige organisasjonar lokalt i den enkelte kommune.

Sparebankstiftelsen Hedmark og Sparebankstiftelsen DNB har løyvd 14,3 millioner kroner til prosjektet.

Lokale leverandører

Dagsturhytta Innlandet er tegnet av RAM arkitektur på Lillehammer. Dagsturhytta er lett å kjenne att med si enkle kileform. Hyttene blir levert av det Vågå-baserte selskapet Brun Bygg AS. Selskapet brukar lokale underleverandører, slik som Gudbrandsdal massivtre, Skjåk allmenning og Langmårkje allmenning. Dagsturhytta blir lett å halde vedlike og er bygd i massivtre med ytterkledning.

I Skjåk er det entreprenørselskapet Aaboen AS og SEBB AS som har stått for grunnarbeidet til hytta. I tillegg har dei laga ei flott trapp ned til elva og rydda badeplassen. Båe bedriftene har sponsa tiltaket. Takk for vel utført arbeid! Skjåk Interiør AS har stått for lakkering av benker og gulv.

Skjåk kommune håpar at hytta blir godt brukt og at vi alle er med på å halde ho i orden, slik at det er triveleg for dei neste som kjem å koma inn i hytta.

Vedlegg

Ordensregler_Dagsturhytta_Innlandet - Klikk for stort bildeOrdensreglar for Dagsturhytta i Bismo Skjåk kommune

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702