Ei oppmoding om å flagge laurdag 3. august

Det er i samband med jubileumet for Verdsspeidarleiren at jubileumsnemnda oppmodar deg til å flagge laurdag 3. august.

3. og 4. august er det jubileum i Skjåk

Det er 70 år sidan Verdsspeidarleiren var i Skjåk. Her deltok 2500 speidarar frå 42 nasjonar. Talet er imponerande med tanke på at det var berre få år sidan krigen tok slutt. Det vart bygd opp eit minisamfunn med m.a. bank, post, telegraf, sportsbutikk, vakttårn, reisebyrå, kino pressekontor og politikontor. Sjukestugu vart plassert i Marlo. Dei utanlandske speidarane var overvelda over kor gjestfrie skjåkværane var. Til minnemarkeringa kjem tre italienarar, ein av dei køyrde moped hit i 1949.

Det er sett ned ei jubileumsnemnd som har jobba for å halde minnet om hendinga levande. Det blir m.a. avduking av eit minnesmerke. Minnesmerke skal stå på Skeimoplassen ved fontena og det er Magne Nyhus som har laga det.

 

Program

Laurdag 3. august                                                                                                                                          

kl 12.00    

  • Offisiell opning – Skeimoplassen v/fontena
  • Programleiar: Magnhild Bruheim
  • Flaggheising
  • Lom og Skjåk Brass spelar  nasjonalsongen
  • Allsong
  • Tale ved varaordførar Per Lars Lien
  • Song ved Edvard Randen
  • Tale ved Fylkesvaraordførar Aud Hove
  • Allsong
  • Avduking av minnesmerke
  • Sekkepipe ved Bergen Pipes and Drums
  • Vandring «Speidarvegen» med Lom og Skjåk brass og sekkepipe
  • Avduking skilt Speidarvegen. Musikkinnslag

kl 13.30         

  • Speidarutstillinga på Mogard opnar – kaffiservering       
    Utstillinga står framme frå  kl 13.30 – kl 17.30

kl 14.00                       

  • Foredrag ved Øystein Gonsholt, styreleiar ved Norsk Speidermuseum + eit stutt innslag ved italienarane
  • Song ved Edvard Randen
  • Foredrag ved Mari Brenna, "Slik var det"
  • Fele ved Guro Grimstad
  • Diktlesing ved Finn Sandum
  • Allsong

kl 20.00                      

  • Blues og Quiz i Maritun. Adr: Lundagrende 330
  • Blueskonsert ved gruppa Lama og quiz
  • Sekkepipe

Sundag 4. august

kl 10.00          

  •  Tur med Skjåk Tulag
    Rundhaug – Raudhaug – Randsverktjønn. Frammøte på Sota

kl 12.00           

  • Frilufts- og speidargudsteneste på tunet ved Sota sæter v/prest Kåre Glosli
    Allsong og flaggprosesjon 

kl 13.00

  • Kyrkjekaffi og turlagskaffi på Sota sæter ved Skjåk bygdekvinnelag

Kontaktperson for jubileumsnemnda er Mari Brenna, tlf: 95982600.

Vi håpar du blir med på feiringa og at du som har flagg vil flagge laurdag 3. august.

Jubileumsnemnda ynskjer å rette ein stor takk til sponsorane

  • Skjåk Energi
  • Skjåk kommune
  • Skjåk Historielag
  • SpareBank 1 Lom og Skjåk
  • Interfil
  • Coop Prix Skeimo

Velkomne!

Her er ein artikkel om Verdsspedarleiren som var i Skjåk:

 

Kronsprins Olav under Rover Moot Skjåk i 1949 Norsk Speidermuseum Italienske speidarar. Rover Moot Skjåk 1949. Ein av mopedistane kjem til Skjåk under jubileumshelga. Norsk Speidermuseum