Flinke ungar på SOLverkstad - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Flinke ungar på SOLverkstad

Laurdag 17. februar var det SOLverkstad på biblioteket. 

Det møtte fram om lag 40 små og store kunstnarar som utfolda seg kreativt med glade fargar og materialar av ulike slag. SOLene som vart produserte stråla om kapp med sola som skein frå skyfri himmel ute. 

SOLene kjem til å pryde biblioteket og kommunehuset under SOLfestivalen som går av stabelen den 4.–9. mars i Skjåk. 

Det vart ei triveleg stund for store og små og fleire meinte at dette må vi gjere opp att!

Ta gjerne turen til biblioteket og kommunehuset for å sjå alle dei fine SOLene under SOlfestivalen.  I tillegg blir det ei utstilling frå alle barnehagane og nokre av skuleelevane.

 

Program SOLfestival 2024 i Skjåk