Friluftslivets år 2025 - Skjåk kommune

Friluftslivets år 2025

I Skjåk har vi alle moglegheiter til å drive eit aktivt friluftsliv.  Kanskje kan vi bruke naturen rundt oss enda meir? Har du ein friluftsaktivitet som du brenn for? Bli med og skap Friluftslivets år 2025!

Friluftslivets år 2025

Målet med friluftslivets år er at alle finn si friluftsglede. Den kan ein finne når ein er tilstades i naturen og møter den med nyfikenheit og respekt- gjerne saman med andre.  

Friluftslivets år skal inspirere deg til å:

  • oppdage din nærnatur.
  • invitere andre ut
  • prøve andre friluftsaktivitetar

«Heile Noreg bålar» den 18. januar

Friluftslivets år blir offisielt sparka i gang 18. januar med å oppfordring til alle til å komme seg ut og samlast rundt eit bål. Det er noko heilt eige med å sitja rundt bålet.  Hugs: Eit bål varmar betre med gode vener.  Inviter gjerne med ein ven, eller kanskje dette er anledninga til å ta med nokon du ikkje kjenner så godt? Det er alltid plass til ein til rundt bålet. Naturen er ein åpen og fordomsfri arena som ikkje stiller spørsmål ved kven du er, bakgrunn eller miljø. 

Bålfyring ved dagsturhytta torsdag 18. januar kl .14

  • Bålfyring, bålkurs, bålmat 
  • Lage sitjeunderlag til dagsturhytta frå restegarn (strikking el hekling). 
  • Bål og kaffekoking. Skjåk Almenning (SA) stiller med ved til bålfyring.
  • Skjåk JFL lagar bålkonkurranse for dei minste. Forskjellige typar bål / bålkurs, ev premiering.
  • Mat på bål. 
  • Popcorn på bål!
  • Naturstig

DNT  Gudbrandsdal, Skjåk JFL, er arrangør, Skjåk Almenning, Skjåk kommune

Solfestival, veke 10, 3.-9. mars

  • 3.mars. Opning av Solfestivalen. Opning av frøbiblioteket (på biblioteket).
  • Onsdag 5. mars – gul frukost på Friviljugsentralen
  • Soltur i regi av LHL
  • Onsdag 5. mars kl 18, isbading og solbolle. Natt i naturen?
  • Torsdag 6. mars: Solfestival på skolen.
  • Torsdag 6. mars: Foredrag med: Maria Berg Hestad saman med Hagelaget. (Jord til Bord)
  • Opning av terapibassenget den 7. mars. 
  • Laurdag 8.mars kl.12.00 konsert med Camilla Granlien på biblioteket
  • Søndag 9. mars, familiedag i Gamleheimstrædet

Andre aktivitetar

  • Isjuving i Aura, arrangement for alle frå 4 år og oppover. Avslutte med bålfyring i svartholet. Turleder: Kristen Dagsgard og Øystein Brandsar.
  • Formidling av litteratur utanom biblioteket. Samarbeid mellom Skjåk folkebibliotek, DNT Gudbrandsdal, skole og barnehage. Meir info kjem.
  • Produksjon av ved – flyktningkontoret for Lom og Skjåk, regi; SA, skogbrukssjef.
  • Tur i Honnsrøve, info om forvaltning, regler, bli kjent, ulvelav. Regi: Skogbrukssjef, Nasjonalparkforvaltar? Henge på med natt i naturen.
  • Nokon som vil bidra med arrangement i regi av friluftslivets år? Send inn info til Skjåk kommune.
  • Miljøveke i veke 15. Arrangement: Debatt på skolen med eit eller anna miljøtema. Søppelplukking langs med vassdraga i Skjåk.
  • Friluftsliv og husdyr. –"Kuvettreglane".
  • Laurdag 8. februar. Solverkstad på Biblioteket

 Tips: Slik får du fyr på bålet    
 

Tips til meir friluftsliv i 2025

Delta på ein organisert fellestur 
Enten du er ung eller gamal, heilt fersk eller erfaren - DNT har turar og aktiviteter for deg. Bli med DNT Gudbrandsdal på ein organisert tur eller meld deg på eit friluftslivskurs.  Skjåk Turlag sitt program for 2025. Fjellgeita 2025.

Tilbring ei natt i naturen under open himmel 
Å sove ute treng ikkje vere komplisert. Det kan derimot vere enkelt, morosamt og behageleg, enten du søv i telt, hengekøye eller under open himmel. Kva med en overnattingstur i nærnaturen mellom to arbeidsdagar? Eller ein familieekspedisjon ei helg? 

Et kvardagsmiddagen ute 
Maten smakar aller best ute! Kanskje 2025 blir året der du kjem i gang med enkle turar etter jobb og skule og tek middagen ute? Det treng ikkje vere så avansert. Du kan lage maten heime, ha pølser eller suppe på termos eller ta med kokeapparat og gjere heile kokkeleringa ute. Desse turmat-sidene har gode tips til kva du kan lage

Sanking av mat
Lær mer om naturens eget spiskammers ved å bli med Lom og Skjåk hagelag på tur. 

Lån friluftsutstyr – gratis! 
Klær og utstyr bør ikke være en terskel for å komme i gang med friluftsliv. I Skjåk kan du låne utstyr gratis ved å benytte BUA sitt flotte utstyrslager. Sjå meir om BUA i Skjåk

Bli frivillig!  
Kva med å bruke litt tid i Friluftslivets år til å få fleire med ut på tur? I 2025 vil DNT Gudbrandsdal ha enda fleire aktivitetar, turar og arrangement i folks nærmiljø som vil trenge friviljuge. Det fins mange ulike oppgåver! Du kan for eksempel bli turleder eller aktiv i Barnas turlag. Bli frivillig du også, og bidra til at naturen blir tilgjengelig for fleire!

Godt Friluftslivets år!