Julehelsing - Skjåk kommune

Julehelsing

Året 2024 er snart over og det er tid for ettertanke.  Vi kan sjå attende på eit år der mange drog i ei felles god retning i Skjåk.

Bilde av inngangspartiet ved Skjåk kommunehus med juletre i forgrunnen - Klikk for stort bilde Sigrun Eide

Positive tiltak

Flaumvollen rundt Bismo og plassering av dagsturhytta vil eg omtale som eit godt døme. Ei sak som hadde eit litt negativt utspring, men som resulterte i så mykje positivt med fleksibilitet, samarbeid og innsats. Formålet med flaumforebygging er i seg sjølv ikkje særleg positivt lada og medførte ein stor kostnad for kommunen. Tiltak rundt prosjektet som ljossetting og plassering av dagsturhytte skapte diskusjon og frustrasjon i kommunen. Resultatet vart etter mitt skjønn likevel utruleg bra. Prosjektsamarbeidet har vore godt og det private i bygda har teke del i prosessen for å skape noko meir ut av det som i utgangspunktet var eit reint sikringstiltak. Blant anna har lokale entreprenørar delteke på dugnad for å fasilitere best mogleg rundt dagsturhytta som vart plassert ved vollen. DNT Gudbrandsdal har hekta seg på og organiserer aktivitet med adventsgata. Eg ser på det heile som ein suksess for eit breitt spekter av brukargrupper.

Folketalet veks

Dette året er det 124 personar som har vald å flytte til Skjåk og 3. kvartal 2024 viser ei vekst i folketalet. Utruleg bra! Det politiske miljøet i Skjåk har fokusert målretta og unisont på satsing for bulyst og omdøme.  Administrasjonen i kommunen, lag og organisasjonar har arbeidd godt med å setje planar og tiltak i verk. Små og store arrangement har det vore mange av også dette året. Dei er alle avgjerande for at vi skal oppnå det vi ynskjer med bulyst og godt omdøme. Solfestivalen er eit døme eg ynskjer å trekkje fram. Eit arrangement med lågbudsjett som vart samlande og positivt på fleire måtar.

Stor aktivitet

Året 2025 er friluftslivets år. I samband med dette ynskjer eg å trekkje fram kor mykje aktivitet det er i bygda som stimulerer til trivsel og fysisk fostring. Skjåk Idrettslag er ein blant fleire aktørar som gjer ein framifrå innsats med sitt arbeid. 14 ulike aktivitetar der fleire har aukande oppslutning, 98 friviljuge i sitt arbeid, og meir enn 600 medlemmar. I 2024 vart det registrert 780 fullførte fjellgeitturar, 160 deltakande på påskesprinten og 128 faste turnarar. Eg vil også framheve idrettslaget sitt arbeid for inkludering og lågterskeltiltak. Blant anna med opning av BUA som inneber gratis lån av friluftsutstyr, arrangering av idrettsveka og århundrets handballkamp med Lykkelaget.

 

Adventsgata ved Dagsturhytta i Bismo - Klikk for stort bildeAdventsgata ved Dagsturhytta i Bismo DNT Gudbrandsdalen

Nemnte DNT Gudbrandsdal arrangerer også stolpejakta i Skjåk, der 73 stolpar vart plassert ut på ulike destinasjonar. I alt har desse ført til meir enn 15 000 besøk av om lag 1000 unike turfolk i aldersgruppa 1-84 år. Eg vil også nemne Skjåkcacherne som har ute meir enn 700 geocacher i kommunen. Desse fungerer som turmål og stimulerer til friluftsliv.

Skulesaka gjekk hardt inn på oss alle, men har samtidig fått fram samhald i og mellom bygdene.

Avslutningsvis vil eg takke alle som bidreg til at det er godt å bu i Skjåk. Måtte vi ta med oss den gode driven inn i 2025.

 Eg ynskjer alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Fungerande ordførar Kristen