Landmåling og signalering i Skjåk - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Landmåling og signalering i Skjåk

I samband med Geovekstprosjekta Hadeland–Ringerike 2025 og Gudbrandsdal 2025 vil det denne våren og sommaren bli gjennomført omfattande landmåling og signalering i fleire kommunar, deriblant Skjåk.

Landmåling og signalering i Skjåk våren og sommaren 2025

I samband med Geovekstprosjekta Hadeland–Ringerike 2025 og Gudbrandsdal 2025 vil det denne våren og sommaren bli gjennomført omfattande landmåling og signalering i fleire kommunar, deriblant Skjåk.

Geovekst er eit nasjonalt samarbeid om kartlegging og geografisk informasjon, og desse prosjekta skal sikre oppdaterte og nøyaktige kartdata for framtidig bruk i både offentleg og privat sektor. For å gjennomføre flyfotografering og presis kartlegging, vert det plassert signal på bakken, og landmålarar vil vere synlege i terrenget gjennom vår- og sommarhalvåret.

Matrikkellova gir heimel for å plassere slike signal både på offentleg og privat grunn. Samstundes slår lova fast at allmenta skal bli informert om arbeidet. Kommunen ønskjer difor å gjere innbyggjarane merksame på at dette arbeidet vil pågå i perioden.

Arbeidet vil bli utført av profesjonelle fagfolk og med stor vekt på å vise omsyn til både eigedommar og natur. Det er viktig at signaleringa og målinga får gå uforstyrra, slik at resultata blir så gode som mogleg.

Meir informasjon, illustrasjonsbilete og oversiktskart over dei aktuelle områda finn du her:

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med kommunen.

Kartverket

 

 

 

 

 

Kartverket