Melde deg på UKM! - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Melde deg på UKM!

Den 9. og 10. februar går den årlege lokalmønstringa til UKM Norddalen av stabelen. UKM, som står for Ung Kultur Møtes, er ein kulturarena der ungdom frå 10 til 20 år kan vise fram det dei er gode i, samt bli kjend med likesinna. Arrangementet går for seg over tre framsyningar, ei for juniorane (10-12 år) og to for seniorane (13-20 år).

Det er ope for det aller meste, enten du er glad i å stå på scena, vil delta med kunstverk eller film, eller om du likar best å arbeide med å ta bilete og video av UKM-helga.
"Det er to krav for å vere med – det er at du er gamal nok, og at du har lyst," seier Ung Arrangør Julie Garmo.


Påmeldingsfristen går ut 15. januar, og mønstringa går for seg i Otta Kulturhus. Du kan melde deg på inne på: www.ukm.no/oppland