Ny brannbil på plass - Skjåk kommune

Ny brannbil på plass

Den 18. desember fekk Lom og Skjåk brannvesen sin nye brannbil.

Ny brannbil til Lom brannstasjon

Lom og Skjåk brannvesen har kjøpt ny brannbil til Lom brannstasjon. Bilen er ein Scania og er levert av Braco. Dette er ein godt utstyrt, topp moderne mannskapsbil som skal gjere nytte for seg i mange år framover.

Kabinen har plass til 6 mannskap inkludert sjåfør. 4 av setene er røykdykkarseter. I kabinen er det terminal for kommunikasjon i nødnett og Locus navigasjonssystem.
Montert i fronten er ein 6,8 tonn vinsj og varmesøkande kamera som er kopla til ein skjerm inne i kabinen.

Bilen har eit isolert påbygg utført i aluminium. Skåpa er solid og fleksibelt innreia. Bilen er utstyrt med brannpumpe som yter opp til 4000 l/min, 3100 liter vasstank og 200 liter skumtank.
Blant utstyret elles kan nemnast skjersløkkjar, vasskanon, ljosmast og vaskestasjon. Med alt utstyr inkludert og  full vasstank veg brannbilen om lag 16,4 tonn.

Totalkostnaden på bilen er 7,2 millioner kroner. Mykje av utstyret på brannbilen er finansiert av  ei gåve på 1 million kroner frå Lom og Skjåk sparebank.

Bilen vart sett i drift som utrykkingsbil ved Lom brannstasjon den 18. desember og erstatter ein 1999-modell Mercedes Atego som no var moden for utskiftning.

Sjå video av den nye brannbilen:

Bjarte Rossehaug Bjarte Rossehaug Bjarte Rossehaug

Kontakt

Bjørn Bøye
Brannsjef Lom og Skjåk brannvesen
Mobil 468 21 863