Rapport frå «Reiselivssamling 2» - Måndag 9. september

Reiselivssamling 2 - Måndag 9. september heldt Skjåk Kommune v/ næringskontoret og Skåppå den andre samlinga i anledning Forstudie til Masterplan for reiselivet i Skjåk.

«Reiselivssamling - del 2»

Reiselivssamling 2 - Måndag 9. september heldt Skjåk Kommune v/ næringskontoret og Skåppå den andre samlinga i anledning Forstudie til Masterplan for reiselivet i Skjåk.

Hovudformålet med Forstudiet har vore å skape ein møteplass for å kartleggje felles grunnlag og retning for reiselivsverksemdene i Skjåk for å betre verdiskapinga i denne viktige vekstnæringa.

Den første samlinga var i vår og det har vore mange gode diskusjonar, engasjement og verdifulle innspel. Desse vil vi på næringskontoret ta inn i det videre arbeidet med korleis vi skal leggje til rette for ei enda sterkare reiselivsnæring, naturlegvis i nært samarbeid med næringa sjølv.

Samstundes som vi i Skjåk gjennomfører forstudiet om reiseliv, er det ein pågåande omstrukturering av destinasjonsselskapa i Nord/Midt-Gudbrandsdalen. Dei tre destinasjonsselskapa Visit Lillehammer, Visit Mjøsa og Nasjonalparkriket Reiseliv har planar om å slå seg saman til ein ny: Rada Reiseliv.

På samlinga måndag blei det ein kort orientering frå Visit Skjåk, som nyleg vedtok at dei ikkje ynskjer å gå vidare inn i dette samarbeidet. Dette vil jo få konsekvensar for korleis vi arbeider vidare med reiseliv i Skjåk generelt, men også korleis Skjåk Kommune kan/vil bidra med støtte og finansiering, naturlegvis med involvering og forankring politisk.

Det finst fleire vegar å gå vidare for samarbeid, organisering og utvikling innan reiselivet i Skjåk. Når det er sagt, er Næringsnettverket i Skjåk i god driv, og det er spesielt nå etter innspel frå Forstudiet til Masterplan, naturlig å sjå for seg at å bygge ein plattform for reiselivet i Skjåk som ein del av NiS, kan vere ein bra plass å fortsette det gode arbeidet som er lagt i Forstudiet. 

Vi lovar å komme attende med meir om dette spennande arbeidet i løpet av hausten.

Kontakt

Sølvi Lemstad Hiller
Næringssjef
Mobil 911 14 550