Varsling i Skjåk kommune - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Varsling i Skjåk kommune

Varsling i Skjåk kommune

Skjåk kommune skal vere ein open kommune der målet er ein god ytringskultur med stor takhøgd for at dei tilsette deltek i det offentlege ordskifte. Alle tilsette i Skjåk kommune pliktar å melde frå om ulovlege, uetiske eller kritikkverdige forhold og/eller handlingar, eller grunngjeven mistanke om slike. Vidare pliktar alle tilsette å opptre i samsvar med kommunen sine interesser og dei etiske retningslinene. Reglar for handsaming av varsling følgjer av Arbeidsmiljølova.

Rutine for varsling i Skjåk kommune og skjema for intern var handsama i AMU 13.12.2017, og Administrasjonsutvalet 16.01.2018. Sjå vedlegg  (PDF, 118 kB)