Velkomen til kickoff 5. september for bygging og/eller renovering av Bismo barnehage

Velkomen til felles planlegging 5. september kl. 18.30 - 20.30 i kantina på Skjåk barne- og ungdomsskule

Planlegginga av utviding av Bismo barnehage er i gang

Planlegginga av utviding av Bismo barnehage er i gang, og vi ynskjer velkomen til ein felles kickoff for prosjektet. 
I møtet vil de få informasjon og moglegheit til å kome med innspel til arbeidet.

Agenda for møtet:

  1. Informasjon frå kommunen ved kommunalsjefane Roger Johansen og Kari Anne Skjaak
  2. Informasjon frå rådgjevar om prosess, framdrift og rammer for medverknad.
  3. Brukarperspektivet, krav og behov.
  4. Barnehage for framtida – rammer og moglegheiter. Kva plass har barnehagen i barna sitt oppvekstmiljø, og kva har fysisk utforming å seie for dei ulike brukarane av barnehageanlegget? Korleis bygger vi for framtida og endra behov?
  5. Felles visjon. Kva betydning har barnehageanlegget for Skjåk. Kva er det viktig å prioritere i planlegginga? Kva ynskjer vi å oppnå i høve barnehage som pedagogisk formålsbygg og som berekraftig teneste og anleg?

Norconsult er rådgjevar for prosjektet og vil presentere innhald og leie prosessen

Bilde av Bismo barnehage - Klikk for stort bilde Skjåk kommune




 

Kontakt

Kari Anne Skjaak
Kommunalsjef for oppvekst og utdanning
Telefon 61 21 70 00
Roger Johansen
Kommunalsjef
Telefon 415 13 687