Velkommen til kurs om demensvennleg samfunnKurs om demensvennleg samfunnSkjåk kommune har i 2023 signert avtale med nasjonalforeningen for folkehelse om å væra ei demensvenleg kommune.Andelen av personar som får ei demensdiagnose er aukande. Det er viktig at desse og deira pårørande blir møtt med respekt og forståing slik at dei kan oppretthalde sine aktivitetar, leva aktive liv og kjenne seg inkludert og trygge i samfunnet.Dersom alle kan litt meir om demens kan kvardagen bli enklare for dei som er ramma. Derfor vil Skjåk demensforeining i samarbeid med pleie og omsorg tilby eit gratis kurs for bedrifter. Du vil få grunnleggande informasjon om demens, kommunikasjon, samhandling og råd om korleis vi som lokalsamfunn kan inkludere personar med demens og deira pårørande.Kurset er gratis og varer 1.5 timer.Tid: Onsdag 13.11.24 kl.18.00Stad: storstuggu på Skjåkheimen PåmeldingPåmelding innan 08.11 til Eldri Falling på tlf; 482 90 697Kaffe og servering😊 Nasjonalforeningen for folkehelsen Sist endret 29.10.2024 10.16