Avkøyring til Industrivegen 60 (Snikkeriet) frå Skamsarvegen blir permanent stengt - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Avkøyring til Industrivegen 60 (Snikkeriet) frå Skamsarvegen blir permanent stengt

 Vegen blir stengt frå veke 18

I dei siste åra har ein sett eit særs auka trafikkbilete langs Skamsarvegen. Mykje av denne trafikken er tungtransport som skal levere varer til industriområdet. Det er også auka aktivitet i området etter at pistolhallen og Skjåk treningssenter vart etablert i gamle snikkeriet. 
Etter vedtak i trafikktryggingsutvalet vert avkøyring til Industrivegen 60 (Snikkeriet) frå Skamsarvegen permanent stengt med tanke på trafikktryggleiken. (sjå bilete og kartutsnitt)

 


All trafikk til industriområdet skal gå via industrivegen.

Besøkande og varetransport til Micas Design, Skjåk treningssenter, Skjåk Pistolklubb, Skjåk biobrensel og Interfil skal og må nytte Industrivegen frå nå.