Bålforbod frå 15. april til 15. september - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Bålforbod frå 15. april til 15. september

Minner om at det frå 15. april til 15. september er det forbod mot bålbrenning i skog og mark.

I byggefelta i Bismo, Aurmo og Uppnose er det forbod heile året, jf. kommunal forskrift.

 
Røyk som blir observert i skogsmark kan bli oppfatta som skogbrann og meldt til brannvesenet. Den som forårsakar utrykking pga. ulovleg brenning, blir normalt anmeldt og må sjølv dekkje kostnadane i samband med utrykkinga.