Barnehage og skule i Skjåk går til smittevern-nivå Grøn frå 02.06.2020.

Klikk for stort bildeBarnehagane og skulen i Skjåk vil gå tilbake til meir "normal drift" så snart det er praktisk mogeleg. Foreldre vil få nærmare informasjon frå skulen og/eller barnehagen når dette er klart.
 

Beredskapsgruppa i samråd med smittevernlegen konkluderte etter møtet i dag 28.mai om at det i Skjåk frå 2. juni 2020 blir gjennomført smittevern på nivå GRØN i barnehagane og i skulen.
Så snart det er praktisk mogeleg skal barnehagane og skulen over på normal drift med dei tiltak som gjeld nivå GRØN.
Det er ingen teikn til at det er smitte i kommunen og det er ikkje grunnlag for å oppretthalde dei smitteverntiltak som vi har i dag. 

Det er framleis viktig at born eller tilsette som blir sjuke skal heimatt, og ikkje vere i barnehagen eller skulen.
Dei som er sjuke må ta kontakt med fastlegen for å få vurdert om ein skal testast. 

Sjå og les meir om Trafikklysmodellen her

TRAFIKKLYSMODELLEN