Barnehagedagen 2018

Barnehagedagen markerast i mars kvart år. Formålet er å synleggjere kva ungane får oppleve, erfare og lære i barnehagen. Tema i år er barnehagen sitt arbeid med kunst, kultur og kreativitet under slagordet: «La meg skape!». I Holemork barnehage har dei hatt historia om "Den lille Larven Aldrimett" som tema sidan jul.

Ann Heidi Bjotveit og den svoltne larva

Den Lille Larven Aldrimett

Unni Randen og Ann Heidi Bjotveit fortel at dei har hatt denne historia som tema sidan jul. Gjennom dette prosjektet har ungane fått tatt del i historia med kommunikasjon, språk og tekst. Dei har m.a. fått lære om mat, bevegelse, helse, tall, mengde og dei har utvikla skaparglede. 

I dag var det  stor stas i Holemork barnehage, det var nemleg teaterframsyning og servering av bollar, bananar og juice.

Barnehagelærar Ann Heidi Bjotveit dramatiserte historia om larva som aldri vart mett, og du kan trygt seie at ho hadde både larva og publikum i si hule hand. 

Eit eksemplarisk publikum i Holemork barnehage  

Ungane har laga fine larver

 

Unni Randen har laga sjølvaste Larva Aldrimett

 

Fin servitør og fin servering i Holemork barnehage