Ei verdig og fin markering

Det vart ei fin og verdig minnemarkering ved Bångråttjønne 22. juli. Margrete Øvrelid heldt tale og Mari Eide Lindsheim og Magnus Lilleengen bidrog med song og musikk. 90 personar var tilstades under markeringa. 

Ordførar Edel Kveen fortalte at  kommunestyret var samrøystes om at Skjåk skulle ha eit kveldsarrangement ved Bångråttjønne. Tidlegare på dagen var det streaming av nasjonal gudsteneste og open kyrkje. 

Song og musikk

Mari Eide Lindsheim og Magnus Lilleengen underheldt med song og musikk. Vi fekk m.a. høyre "Mitt lille land" av Ole Paus, "Some die young" av Laleh og "Imagine" av John Lennon - alle med fine tekster som passa godt til markeringa.

Her er ein videosnutt frå "Some die young":

Film: Aud Hove

Dagens tale

Margrete Øvrelid heldt ei fin tale der ho m.a. sa: 

"Terrorangrepet 22. juli i 2011 synleggjorde mangelen på respekt for menneskeverd, tru og religionsfriheit. Breivik ville ramme mange av verdiane som samfunnet vårt er bygd på, respekten for menneska og likeverden og toleransen mellom menneska. Kva har dette gjort med oss? Skal vi tenkje på dette no 10 år etter at det forferdelege hendte? Er det best å berre gløyme?
Det er IKKJE best å gløyme! Dette er noko vi alle må tenkje på og ta stilling til! Vi lever i eit samfunn der vi er avhengige av kvarandre. Vi er alle ein del av fellesskapet som utgjer sammfunnet vårt. Vi kan alle prøve å motverke utanforskap ved å vere inkluderande og bry oss om dei rundt oss. Vi kan ikkje hjelpe alle, men vi kan gjere vårt beste for å vere eit medmenneske for nokre."

Ho runda av med med å lese diktet "Vær utålmodig, menneske!" av Inger Hagerup.

Etter talen var publikum var med og song "Skigardsvise" av Stanley Jacobsen  og "Til ungdommen" av Nordahl Grieg.