Er du interessert i å lære meir om kva som gjev tryggleik for barnet ditt?

Helsestasjon i Skjåk Er du interessert i å lære meir om kva som gjev tryggleik for barnet ditt? Da kan kurs i tryggleikssirkelen / Circle of securtity parenting (COS-P) vera noko for deg. Kurset passar for alle foreldre om det er utfordringar i heimen eller ei.Påmelding innan 30.09.22

Velkomen til «Circle of security parenting»(COS-P.) - Hausten 2022

Er du interessert i å lære meir om kva som gjev tryggleik for barnet ditt? Da kan kurs i tryggleikssirkelen / Circle of securtity parenting (COS-P) vera noko for deg. Kurset passar for alle foreldre om det er utfordringar i heimen eller ei.

Tryggleik er viktig for utvikling av empati, venskap og god sjølvkjensle.  Trygge barn opplever også meir glede saman med foreldra sine og søkjer oftare hjelp hjå foreldra/føresette når dei har det vanskeleg. Dette kurset har fokus på at foreldra/føresette i kvardagssituasjonar kan skape tryggleik, gjennom samstundes å møte barnet sitt emosjonelle behov og setje grenser.

Kurset er basert på eit ferdigutvikla DVD- materiell og vil vere i gruppe. Dykk vel sjølve kor mykje dykk ynskjer å dele i gruppa.

  • Kurset startar opp tysdag 4. oktober kl 18.00.
  • Møtestad: Skjåk kommunehus, - kommunestyresalen.
  • Det blir treff  x 1 i veka, 6 gonger, med eit opphald i haustferien.
  • Vi bruker ca 1,5 time kvar gong.

Vi oppfordrar båe foreldre til å delta - men det er ikkje eit krav. Kurset vil denne gongen bli gjennomført av Helsestasjon i Skjåk.

Ta kontakt dersom du har spørsmål.

  • Påmelding innan 30.09.22
  • Lom helsestasjon: 976 67 746 / 976 67 747
  • Skjåk helsestasjon:  974 03 767 / 908 48 458

Vi gler oss til å starte opp att med COS-P kurs!!

Venleg helsing

Helsestasjonane i Lom og Skjåk