Fagarbeidarar i barnehagane i Skjåk - Skjåk kommune

Fagarbeidarar i barnehagane i Skjåk

Vil du vere fagarbeidar i ein heilt ny barnehage i Skjåk? 

Vi søkjer fagarbeidarar som vil vere med frå starten og skape ein inkluderande barnehage i godt samarbeid med barn, familiar og kollegaer – og setje spor i både praksis og kultur.

Det var ein gong – og snart på ordentleg – ein ny barnehage i Skjåk

I oktober 2026 opnar Skjåk den heilt nye Skjåkspira barnehage med fem avdelingar i sentrum av bygda. Barnehagen og helsestasjonen vil vere lokaliserte i same bygg, og i eit samla oppvekstmiljø der mellom anna skule, bibliotek, idrettshall, symjehall, utandørs idrettsanlegg og kulturskule ligg tett i tett. Det er kort veg til naturen og ulike leikearenaer i friluft. 

Skjåkspira barnehage veks fram mellom fjell og skog – forma for små føter, store tankar og trygge fellesskap. Her blir natur, leik og gode relasjonar vovne saman i ein kvardag prega av tryggleik, undring og livsglede.

Er det du som skal bli ein viktig fagarbeidar i barna sine forteljingar – midt i Skjåk, der barna står i sentrum, og framtida får vekse i trygge hender.

Skjåk kommune har behov for fagarbeidarar i stillingar på 100 % ved Skjåkspira barnehage, både i faste stillingar og vikariat. Det er særleg bruk for fagarbeidarar med spesialpedagogisk kompetanse.

Som fagarbeidar i Skjåk skal du mellom anna

  • gje barna omsorg, tryggleik og støtte i kvardagen
  • fylgje opp barn med vedtak om spesialpedagogisk hjelp, i tett samarbeid med pedagogisk leiar
  • bidra i planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogiske aktivitetar
  • leggje til rette for leik, fysisk aktivitet og kreativ utfalding
  • støtte barn si språkutvikling og sosiale kompetanse
  • bidra til eit inkluderande fellesskap der alle barn opplever meistring og tilhøyrsle
  • ha open og god dialog med føresette

Vi ser etter deg som 

  • har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar - anna relevant erfaring eller utdanning, også høgskuleutdanning kan vere aktuelt
  • har utdanning eller erfaring innanfor arbeid med spesialpedagogikk 
  • har erfaring frå arbeid med barn med særskilde eller samansette behov 
  • er trygg i å sjå kvart enkelt barn, deltek aktivt i kvardagen, og som er fleksibel og tilpassingsdyktig
  • er engasjert i barnehageyrket og har interesse for fagleg utvikling
  • trivst ute og deltek aktivt i leik og aktivitet i all slags vêr
  • arbeider målretta både sjølvstendig og i team, samt har gode evner til samarbeid og kommunikasjon innanfor faget
  • har gode norskkunnskapar
  • har grunnleggjande kjennskap til bruk av IKT

Det er krav om godkjent politiattest av nyare dato.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Skjåk kommune ynskjer eit mangfald i personalgruppa, og oppmodar særleg menn til å søkje.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med:

Søknadsfrist: 30.08.2026

Elektronisk søknadsskjema finn du på www.skjaak.kommune.no 
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.

Kvifor velje Skjåk?

Tilflyttarkonsulenten kan hjelpe deg med bustad, arbeid for eventuell partnar og informasjon om tilbod for barn og fritid. Du kan òg få moglegheit til å prøvebu i bygda. 

Kontakt: 

Sletting av studielån

Buset du deg i Skjåk og er i arbeid, kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Les meir om det på vedalgt lenke om sletting av gjeld i utvalgte kommunar.

Kontakt

Heidi Jevnheim
Konstituert styrar, Bismo og Dønfoss barnehagar
Telefon 61 21 48 32
Mobil 901 93 957