Film om demens på Skjåk Friviljugsentral fredag 16. september - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Film om demens på Skjåk Friviljugsentral fredag 16. september

Skjåk Friviljugsentra fredag 16. september frå klokka 18.00. - 20.00.

Dette er ein film for alle som ynskjer å lære litt meir om demens. Film frå verkelegheita.

Familien Syvertsen Leiner i Oslo og familien Solberg i Alta fortel korleis det er å ha nær pårørande med ein demenssjukdom. Korleis håndterer desse familiane demenssjukdommen og kva tenkjer dei rundt åpenheit om sjukdommen og omgivelsenes reaksjonar? Kva kan lokalsamfunnet og kvar enkelt av oss bidra med slik at familiar som lev med demens ikkje vert isolert og kan fortsetja å leva så gode liv som mogleg. Dette er noko av temaene og spørsmåla filmen berører.