Fysioterapitenesta i Lom og Skjåk startar opp att med varmtvasstrening - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Fysioterapitenesta i Lom og Skjåk startar opp att med varmtvasstrening

Fysioterapitenesta i Lom og Skjåk startar opp att med varmtvasstrening i Skjåk svømmehall 11. januar 2021. kl 14.00.

På grunn av smittevernreglar med blant anna færre antall deltagere tillatt, må vi i år ha ei anna løysing på gruppa.

I haust har vi gjennomført ti  treningar med inntil 15 personar. Ei ny gruppe med inntil 15 personar startar etter jul. Tilbodet består også da av ti økter. Vi gjer prioritering til gruppedeltaking ut frå Regionale prioriteringskriterier der bl.a. nye deltakarar vil bli prioritert. Dersom du meldte deg på varmvannsbading i haust og ikkje kom med, er du påmeldt til varmtvannstrening i januar.  Om du har delteke på svømmegruppa i haust, er du velkommen til å melde deg på for å stå på ein eventuell "ringeliste". Vi ynskjer at tilbodet skal kome flest mogleg til nytte, samtidig som vi ivaretek dei nødvendige smittevernhensyn.  

Kontakt oss

Treninga er retta mot dei som har ledd- og muskelplagar. Du treng ikkje kunne symje for å delta. Dersom du er interessert i å delta ta kontakt med fysioterapitenesta i Lom på tlf. 48 16 55 20 eller Skjåk på tlf. 90 50 62 57 innan 16.desember 2020.

Kontakt

Elisabeth Lunde
Fysioterapeut (Skjåk)