Har du spørsmål om arv, testament, skifting av bo eller andre juridiske spørsmål knytt til det å vere eldre?

Arrangementet føregår på Friviljugsentralen i Vågå, men vil også bli vist på storskjerm på Friviljugsentralen i Skjåk.

Har du spørsmål om arv, testament, skifting av bo eller andre juridiske spørsmål knytt til det å vere eldre?

Torsdag 19.mai kl.14.00 kjem advokatane Ingrid Storvik og Anders Gustav Bjørnsen frå advokatkontoret i Vågå til digital kafé. Her vil dei snakke om aktuelle problemstillingar for deg som er eldre eller pårørande. Det vil og vere mogleg å stille spørsmål og snakke med advokatane. Arrangementet føregår på Friviljugsentraleni Vågå og vil bli vist på storskjerm på Friviljugsentralen i Skjåk. Det vil vere mogleg å stille spørsmål og snakke med advokatane frå Friviljugsentraleni Skjåk. Ynskjer du å sende inn spørsmål på førehand, kan du sende det på sms til 902 17 268 eller på e-post til kontakt@digivert.no (namn og nummer vil ikkje bli offentleggjort).

Kan du ikkje delta fysisk? Da kan du sjå det digitalt frå heime på nettsida digivert.no – Du kan fortsatt sende inn spørsmål sjølv om du ikkje kan delta fysisk.

Arrangementet er ope for alle og heilt gratis

Kontakt

Edvard Kielland Mølmen
Dagleg leiar

Adresse:

Skjåk Friviljugsentral, Skeimoplassen 2, 2690 Skjåk