Høyring vedrørande omklassifisering av Slettomsvegen - Skjåk kommune

Høyring vedrørande omklassifisering av Slettomsvegen

Skjåk kommune har starta ein prosess for omklassifisering av Slettomsvegen (3433 KV1036) frå kommunal til privat veg, etter Veglova § 8 og kommunen sine føresegner for omklassifisering av kommunale vegar. Frist for levering av kommentar til omklassifisering av Slettomsvegen er fredag 20 februar 2026 kl. 1400.

Omklassifisering av Slettomsvegen til privat veg

På bakgrunn av Hovudplan Veg 2023-2030 vurderer Skjåk kommune omklassifisering av Slettomsvegen (3433 KV1036) frå kommunal til privat veg etter Veglova § 8 og gjeldande kommunale føresegner for omklassifisering av vegar. Føremålet er å sikre ein ryddig og lik praksis der kommunale ressursar blir retta mot vegar med tydeleg allmennyttig funksjon, samstundes som vegar som i hovudsak tenar einskildbruk, privat næring, skogsdrift eller fritidsbusetnad kan overførast til privat forvaltning på ein trygg og føreseieleg måte. Les meir i vedlegg nedst i artikkel.

For kommentar til omklassifisering av Slettomsvegen merk brev med sak: 2025/1976. Kommentar leverast til servicetorget eller post@skjåk.kommune.no.

Frist for levering fredag 20 februar 2026 kl. 1400.

 

illustrasjon - Klikk for stort bilde Skjåk kommune

Kontakt

Lars Kurt Haugen
Driftsleiar veg, vatn og avløp
Telefon 453 12 890
Mobil 453 12 890