Hugs å skaffe deg elektronisk ID

For å stemme ved folkeavstemminga om Innlandet fylkeskommune, må du ha MinID eller BankID.

Elektronisk ID - Klikk for stort bilde BankID/Vipps  

Det er lurt å skaffe seg dette allereie no.

10. - 17. februar blir det gjennomført ei folkeavstemming der alle innbyggjarar i Innlandet frå 16 år er invitert til å svare på fylgjande spørsmål: 

  • Meiner du at Innlandet fylkeskommune skal vidareførast eller delast?

På grunn av koronapandemien, blir folkeavstemminga heildigital. Det betyr at du på grunn av sikkerheit må logge deg på via ID-porten for å avgje stemme. Da må du ha ein elektronisk ID. Du finn ei oversikt over dei ulike typene hjå digitaliseringsdirektoratet. Dei vanlegaste er MinID og BankID. Dei fleste har dette i dag.

På heimesidene til Innlandet fylkeskommune finn du meir informasjon om dette.

Meir informasjon vil komme på nettsidene våre, nettsidene til Innlandet fylkeskommune og i ein brosjyre levert i postkassene til alle innbyggjarane i Innlandet.

Hugs at sjølv om du får hjelp til å avgje stemme i din kommune, må du ha MinID eller BankID. Dette kan ta litt tid å få på plass, så du bør ordne det allereie i januar.