Hugs bandtvangen i sommar! - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Hugs bandtvangen i sommar!

Sau på beite Kari Hånsnar  Vis omsyn og vett i møte med beitedyr når du ferdast ute i sommar.

Vis omsyn og vett i møte med beitedyr når du ferdast ute.

I Skjåk kommune er det, i tillegg til ordinær bandtvang f.o.m. 1. april t.o.m. 20. august, utvida bandtvang av omsyn til beitande husdyr i tida f.o.m. 21. august t.o.m. 15. oktober.

Gardbrukarane i Skjåk slepper ca. 6000 sau, 1300 storfe og 700 geiter på utmarksbeite kvart år. Det blir lagt ned tusentals timar på tilsyn gjennom beitesesongen.

For å unngå konfliktar og ulykker, er det greit å kunne desse køyrereglane:

  • Hald avstand til storfe og gå utanom flokken
  • Ikkje gå mellom ku og kalv
  • Opnar du ei grind, må du hugse å late ho att etter deg
  • Hugs bandtvang

Om du ser skadde dyr eller kadaver, ta kontakt med dyreeigar eller Skjåk beite- og sankelag på tlf 48125813.