Informasjon om dose 3, testing og statusoppdatering

Hurtigtest - Klikk for stort bilde A.stock Ha fortsatt låg terskel for testing ved utvikling av luftvegssymptom. Ta kontakt på telefon 61 21 71 00 for å bestille PCR-test på teststasjonen.

Vaksinering dose 3

  • Alle som skal ha koronavaksine etter program frå Folkehelseinstituttet blir innkalla. Dei som skal ha 1. eller 2.dose, som ikkje har teke det, må sjølve ta kontakt med helsestasjonen eller legekontoret for dette.
  • Personar over 65 år har blitt innkalla til 3. vaksinedose. Dei som har som har takka nei til 3.dose og ombestemmer seg, eller som har fått beskjed om å ta 3. dose frå legen sin, brev frå spesialist/sjukehusom om 3. dose, eller anna, må også ta kontakt sjølve for 3. dose.
  • Vi skal byrja å kalle inn personar frå 65 år og ned til 45 år for 3. dose, men det skal da ha gått 6 mnd. sidan dose 2.
  • Dei som fyller 12 år i 2022 blir innkalla etter kvart som dei fyller 12 år og vi har samtykke til vaksinering med underskrift av båe foreldre/føresette/dei/den som har foreldreansvar. Dei som fyller 12 år i 2022, vil få utdelt samtykkeskjema av helsesjukepleiar på skulen, eller foreldra kan kontakte Helsestasjonen for å få skjemaer.
  • Stad for vaksinering av dose 3 er på helsestasjonen.

Testing

  • Ha låg terskel for testing ved utvikling av luftvegssymptom. Ta kontakt på telefon 61 21 71 00 for å bestille PCR-test på teststasjonen.
  • Du kan ta ein hurtigtest. Her kan du kjøpe hurtigtestar.
  • For dei som testar positivt på hurtigtest skal dette innrapporterast på telefon til legekontoret. Minner om at alle som har tatt ein positiv heimetest eller får symptom etter at ein har vore i nærkontakt med ein smitta må ta kontakt med legekontoret og ta ein PCR-test. Les alt om testing.

Koronastatus

  • Koronastatus vil normalt bli gitt ein gong per veke. Ved større/mindre utbrot eller andre hendingar vil Skjåk kommune informere oftare. Men på/ved normale dagar/veker blir det kun ein (1) statusoppdatering per veke. (Gjeld i fyrste omgång ut året 2021)

Vedlagt er også ny informasjon frå helsestasjonen om korleis ein går fram ved nyoppståtte luftvegssymptom. Sjå flyskjema! (PDF, 82 kB)