Kjære bygdefolk!

Ordførar Edel Kveen Skjåk kommune  

Det er ei spesiell tid for oss alle. Liva våre er plutseleg snudd på hovudet. Det som for mange er sjølve livsnerven i dagleglivet, og som vi brukar mykje av vår vakne tid på – kontakt med familie, vener, deltaking i frivillige organisasjonar, omgang med arbeidskollegar og skule og barnehage – er nå sterkt innskrenka. Mange har brukt omgrepet nasjonal (og lokal) dugnad om det vi står opp i – og det er nettopp det det er. Viruset Covid-19, eller koronaviruset, har den eigenskapen at det spreier seg fort. Ikkje alle blir smitta, ikkje alle smitta blir særleg sjuk, men for mange – særleg dei eldste blant oss, dei med alvorlege sjukdommar frå før eller dei som har nedsett immunforsvar kan dette vere svært alvorleg. Av omsyn til dei av oss som er i risikogruppa er det viktig at vi unngår ei utstrekt smittespreiing. 

Eg er svært takknemlig  over korleis kommuneoverlegen, kommuneleiing, tenesteleiarar og alle tilsette har teke fatt på dette spesielle og krevjande arbeidet. Hjerteleg takk for kunnskap og arbeidsvilje! 
 
Og til alle dykk andre innbyggjarar, næringsliv og tilreisande; takk for at dykk viser omsyn til restriksjonar og reglar.  Det har vore lite opprør og irritasjon så langt eg har merka. I Skjåk har vi lang tradisjon for dugnadsarbeid, og det er det vi ser no også. 
 
Vi veit ikkje kor lenge dei strenge restriksjonane vil vare. Det er viktig at vi sikrar nok helsepersonell, og det gjer også at dei som jobbar i helsetenesta ikkje skal reise utanlands i denne perioden. Det er også slik at dei som jobbar i skulen eller barnehagane må hjelpe til andre stadar i kommunen. Men dette veit eg vil bli løyst.
 
Statsministeren har sagt at det ikkje er grunn til å hamstre matvarer eller drivstoff. Eg kan ikkje nok understreke kor viktig dette er. Matvarekjedene og grossistane har forsikra om at det er fulle matvarelager, og transportverksemdene er aktivt og kan få varene fram. Så oppfordringa er at kvar og ein av oss legg handelen slik vi har brukt å gjere. Dei som sit i karantene og som ikkje kan dra i butikken sjølv, kan ringje til butikken, leggje inn ei bestilling og få dette levert på døra heime.
 
Eg vil minne om dei gode hygienereglane som bør gjelde heile tida, men som er enda viktigare nå; god handvask, ev bruk av spritprodukt, hosting og nysing i papirlommetørkle eller armkrok, og å halde minst ein meters avstand til folk rundt. Det er ei oppmoding om å utsette større markeringar og feiringar til seinare. Ta heller ein telefon og vis omsyn til familie, vener, naboar og kanskje dei som ikkje har så mange rundt seg. 
Eg er heilt sikker på at vi skal klare av denne dugnaden. Saman meistrar vi det meste.
 
Med dette vil eg ønskje alle ei god helg.