Kjenner du nokon som fortener ei merksemd som Skjåkpris eller Kulturstipend?

Bilete er frå prisutdelinga i 2021 Skjåk kommune

Ordførar Edel Kveen vil gjerne dele ut både Skjåkpris og Kulturstipend i 2022, men vi treng forslag på kandidatar.

 

Kast deg rundt og send inn forslag innan 3. oktober. Når det gjeld kulturstipendet kan det og søkjast på, og for all del ikkje ver redd for å søkje.

Det er mange som fortener ei merksemd. Har du sendt inn før og din kandidat ikkje har nådd opp, må du berre prøve på nytt. Kanskje lukkast det i år. Formannskapet avgjer kven som får prisen og Kultur- og oppvekstutvalet bestemmer kulturstipendet. Når det gjeld kulturstipendet kan det og søkjast på, og for all del ikkje ver redd for å søkje.

SKJÅKPRISEN 2022

Prisen skal vera ein honnør for utført verksemd som har betydd mykje for bygda og sett Skjåknamnet i fokus på ein positiv måte. Prisen skal femne vidt, og kan tildelast innafor områda: kunst og kultur, idrett og fritid, handverk og industri, natur og miljø, samfunnsengasjement, næringsliv m.m.

Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, grupper, organisasjonar eller verksemder. Kandidaten må bu/halde til i Skjåk, eller på annan måte ha tilknyting til kommunen.

Skriftleg forslag på kandidatar med grunngjeving sendast til Skjåk kommune, Servicetorget, 2690 Skjåk, eller på e-post post@skjaak.kommune.no  innan 9. oktober 2022.

KULTURSTIPEND 2022

Siktemålet med stipendet er å hjelpe fram personar med evner/interesser på område innafor det utvida kulturomgrepet.

  • Det kan søkjast på stipendet.
  • Det kan fremjast forslag på kandidatar til stipende.
  • Kandidaten må bu/halde til i Skjåk eller ha anna tilknyting til kommunen.

Skriftleg søknad/forslag med grunngjeving sendast til Skjåk kommune, Servicetorget, 2690 Skjåk, eller på e-post post@skjaak.kommune.no  innan 9. oktober 2022.

Retningslinjer for Skjåkpris og Kulturstipend er å finne her i artikkel. Har du spørsmål så ta kontakt med kulturavdelinga i Skjåk kommune v/Marianne Stensgård på tlf 90941202  / e-post marianne.stensgard@skjaak.kommune.no

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur og omdømme
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702