KOKEVARSEL for drikkevatn på Dønfoss - er no oppheva! - Skjåk kommune

KOKEVARSEL for drikkevatn på Dønfoss - er no oppheva!

Kokevarselet er no oppheva dato 6. februar 2026 . Varslet var eit førevar-tiltak, og det er ikkje avdekt avvik på nettvatnet

Oppdatert: Kokevarselet for området Dønfoss er no oppheva

Vatnet kan frå i dag, 6. februar kl.11, brukast utan koking til alle føremål. For å sikre god kvalitet i interne røyr, tilrår vi at du let kaldt vatn renne i nokre minutt før bruk. Det kan òg vere lurt å tømme og fylle på nytt vatn i apparat som kaffitraktarar, isbitmaskiner og luftfuktarar osv.
Kommunen takkar for tolmodet og samarbeidet medan kokevarselet var gjeldande.

-------

Opphavleg melding 3. februar: 

KOKEVARSEL for drikkevatn på Dønfoss 3. februar 2026

Opphavleg melding 3. bebruar: “Vatnet har frose på delar av vassnettet på Dønfoss. Det er no gjenoppretta vassforsyning, men vatnet må kokast før bruk. Abonnentane det gjeld har fått varsel frå Skjåk kommune i dag”.

Dette må du gjere ved kokevarsel:

  • Kok alt vatn som skal brukast til drikke og matlaging.
  • Kok vatn som skal nyttast til tannpuss, skylling av frukt og grønsaker, isbitar og tilberedning av spedbarnsmat.
  • Vatnet skal kokast til det boblekokar.
  • Vatn kan framleis nyttast til dusj og vask, klesvask, oppvaskmaskin (program over 65 °C) og toalett/sanitær.

 

Kokepåbodet gjeld til det blir oppheva av kommunen. Oppdateringar blir publiserte på kommunen si heimeside og via SMS-varsling for dei abonnentane det gjeld.

Kontakt

Servicetorget Skjåk kommune
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway