Koronavaksinasjon i Skjåk

Personar som prioriterast vil verta kontakta for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje naudsynt å kontakte kommuna eller fastlege. Koronavaksinering - Klikk for stort bilde

Koronavaksinasjon i Skjåk

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby innbyggjarane vaksinasjon. Norge vil få tilgang på fleire ulike vaksinetyper, men det er enda usikkert kor raskt vi får vaksinane og kan tilby dei til anbefalte grupper.
Skjåk kommune planlegg nå gjennomføring av vaksinasjon. Informasjon om arbeidet vert løpande oppdatert på kommuna sine nettsider. Vi oppmodar pårørande om å informere sine.
 

 Dette er prioriteringsrekkefylgja i høve FHI sine anbefalingar frå 21.12.20:

  1. Bebuare i sjukeheim 
  2. Alder 85 år og eldre, samt helsepersonell
  3. Alder 75-84 år 
  4. Alder 65-74 år OG personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/kroniske lidingar, prioritert av fastlege.
Personar som prioriterast vil verta kontakta for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje naudsynt å kontakte kommuna eller fastlege for å setja seg på venteliste. I januar kontakter vi alle innbyggjare over 65 år for å gjeva informasjon og høyre om dei ynskjer vaksine. Ut frå denne lista tek vi ny kontakt og set opp tidspunkt for vaksinering for den enkelte, etter kvart som vaksinane vert motteke i Skjåk. Så fortsett vi å kontakte yngre innbyggjare når vaksineringa av dei eldre er godt i gang. Tilbod om vaksinering kan koma på stutt varsel!
  • Koronavaksine og vaksinasjon er gratis, og det er ikkje mogleg å betale for å få vaksinen raskare. 
  • Vårt mål er at personar som vert anbefalt vaksinasjon, vèl å ta vaksina.
  • I starten vil det ikkje væra nok vaksinar til alle som vert oppmoda om å ta koronavaksine.

Stad for vaksinering

Skjåk kommune er godt førebudde på å handtere vaksineringa av innbyggjarane, og har eit opplegg som kan tilpassast anten vi får få eller mange vaksinedoser på same tid. Vaksineringa vil gå for seg i Marlo grendehus, men dei fyrste vaksinane blir satt på institusjon.

Ulike vaksinar

Det er fleire vaksinar som er godkjente i Norge nå. Den fyrste som har kome til Skjåk 5. januar treng ein to doser av. Det skal settast to doser med minst 21 dagar intervall. Det vil seie at ein etter fyrste dose blir kalla inn att etter ca 3 veker for å få påfyll. Situasjonen kan endre seg, og nye vaksiner kan bli godkjend, noko som kan auke talet på vaksinasjonar.

Meir informasjon

 

Kontakt

Skjåk legekontor
Telefon 61 21 71 00

NGLMS - legevakt og legevaktsentral Otta