Kva er dette? - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Kva er dette?

Nils Arne Flaten og Flaten Bygg AS har laga nokre gigantiske flaggstenger som nå er sett opp mellom YX og Skjåk Kjøpesenter

Samarbeid og samhald er sterke verdiar i Skjåk. Flettesymbolet frå vandrarstaven/ spinnestokk/ boret som vart funne ved Lendbreen (1300 år gamal) kan sjåast som eit symbol på dette. Tidlegare tiders samarbeid om jakt og fangst, Skjåk Allmenning, vassvegar og kraftutbygging mv har forma Skjåk slik vi kjenner det i dag.  

Nils Arne Flaten og Flaten Bygg AS har laga nokre gigantiske stavar etter kopi av dette funnet som nå er sett opp mellom YX og Skjåk kjøpesenter. Desse kan nyttast som flaggstenger der ein både kan henge opp det norske flagget og reklamere for store arrangement i bygda. Etter kvart skal det murast opp ein mur rundt desse stengene, som ein kan assosiere med ein varde. 
Hjarteleg takk så langt til flinke handtverkarar. 

Vi gler oss på det ferdige resultatet!