Kven får årets Skjåkpris og Kulturstipend?

Velkomen til SkjåkKveld og Marlo grendehus fredag 19. november kl. 19.30

PROGRAM FOR KVELDEN

  •  Skjåk Rockers m/Anders Aurmo, Harald T Østengen, Tobias Skjaak Plassen, Konrad Tuva Haagaa
  •  Lom og Skjåk kulturskule: Felegruppe frå Lom m/Lina Brenden, Åste Sulheim Viken, Magnhild Moen Helland.
  •  Skjåk songlag m/Eirik Matias Bøe på tangent
  •  Foredrag ved Hans-Jacob Dahl frå Pilgrimssenteret , "Heilag Olav i Nord-Gudbrandsdalen - 1021-2021 "
  •  Filip de Presno på torader
  •  «Vi vil til Skjåk» Jarle Hvidsten og Tanja Holmen vil flytte til Skjåk. Dei har fått opp augene for bygda vår. Dette er deira betraktningar og kva dei ynskjer og ser for seg.
  •  Omdømme/næring - Skjåk kommune driv eit omfattande omdømme- og næringsstrategiarbeid. Nokre smakebitar v/ Marianne Stensgård og Tea Karoline Mork frå administrasjonen i Skjåk kommune.

Utdeling av Skjåkpris og Kulturstipend

  • Programleiar for kvelden er Aud Hove
  • Servering: Mat ved Snøyggdugurd.
  • Gratis inngang

VELKOMEN TIL SKJÅKKVELD I MARLO GRENDEHUS

Skjåkprisen

skal vere ein honnør for utført verksemd som har betydd mykje for bygda og sett Skjåknamnet i fokus på ein positiv måte. Prisen skal femne vidt og kan tildelast innanfor område som:

  • Kunst og kultur
  • Idrett og fritid
  • Handverk og industri
  • Natur og miljø
  • Samfunnsengasjement
  • Næringsliv m.m.

Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, grupper, organisasjonar eller verksemder. Kandidaten må bu/halde til i Skjåk eller på annan måte ha tilknyting til kommunen.

Kulturstipend

Siktemålet med stipendet er å hjelpe fram personar med evner/interesser på område innanfor det utvida kulturomgrepet. Det kan søkjast på stipendet, og det kan fremjast forslag på kandidatar til stipend. Kandidaten må bu/halde til i Skjåk eller ha anna tilknyting til kommunen.